Om oss
Holmevik Camping er ein liten og roleg campingplass med landleg beliggenheit. Her kan du nyte stilla utan forstyrringar frå støy eller trafikk frå andre gjester.
Plassen ligg vakkert til, med fantastisk utsikt over Oppstrynsvatnet og vidare ned gjennom Strynebygda. Med lett tilkomst frå riksveg 15 er campingen enkel å finne og eit godt utgangspunkt for både korte stopp og lengre opphald.
Kvifor velje oss
Her finn du eit mangfald av overnattingsplassar – frå campinghytter og bubilparkering til teltplassar som ligg idyllisk til nær naturen.
Campingen er familieeig og blir no driven av tredje generasjon. Med lang erfaring, lokal tilknyting og eit varmt vertskap ønskjer vi å gi deg eit godt opphald – enten du kjem for skibakkane, fjellturane eller berre roen ved fjorden.
Vår beliggenheit
Holmevik Camping ligg om lag 14 km frå Stryn sentrum og 30 km frå Stryn Sommarskisenter – perfekt plassert for både avslapping ved vatnet og opplevingar i fjella.
