Skip to main content

Holmevik Camping

Holmevik Camping har sidan 1970-talet vore ein naturleg base for tilreisande i Stryn. Campingen vart etablert på same tid som Stryn Sommerski og har sidan den gong vore eit populært reisemål for både besøkande og fastbuande.

Om oss

Holmevik Camping er ein liten og roleg campingplass med landleg beliggenheit. Her kan du nyte stilla, utan forstyrringar frå støy eller trafikk frå andre gjester.

Plassen ligg vakkert til med fantastisk utsikt over Oppstrynsvatnet og vidare ned gjennom Strynebygda. Med lett tilkomst frå riksveg 15 er campingen enkel å finne og eit godt utgangspunkt for både korte stopp og lengre opphald.

Kvifor velje oss

Her finn du eit mangfald av overnattingsplassar – frå campinghytter og bubilparkering til teltplassar som ligg idyllisk til nær naturen.

Campingen er familieeig og blir no driven av tredje generasjon. Med lang erfaring, lokal tilknyting og eit varmt vertskap ønskjer vi å gi deg eit godt opphald – enten du kjem for skibakkane, fjellturane eller berre roen ved fjorden.

Les mer

Vare tenester

Utleige av store hytter med kjøkken,stover og eiget bad. Sengetøy er inkluder i leigen.

Salg av fiskekort til fiske i Oppstrømsvatnet, der ein kan få røye og aure.

Utleige av små hytter med felles sanitæranlegg.

Bubilparkering

Telt plasser

Attraksjonar og avstandar til dei

Stryn sommerski - Stryn sommerski
40min
Visit Nordfjord | Offisiell reiseguide til stryn sentrum
15min
Loen Skylift
23min
Geiranger - Visit Norway
1t 22min
Loen Active - din guide til store opplevingar
Loen Skylift 23min
Briksdalsbreen
Briksdal 1t

Om oss

Holmevik Camping ligg på eit levande gardsbruk, noko som gir gjestane ein unik nærkontakt med dyra. Her kan du oppleve sauer og griser på nært hald – dyr som samtidig gjer ein viktig jobb med å beite og ta vare på den vakre vestlandsnaturen.

Dette gjer opphaldet til meir enn berre camping – du får òg kjenne på den ekte gardsstemninga og sjå korleis tradisjonelt landbruk går hand i hand med naturopplevingar. Plassen har ei flott beliggenheit mellom stupbratte fjell med snø på toppane. Oppstrynsvatnet ligg rett nedanfor, med sitt karakteristiske grøne smeltevatn som er friskt og herleg å bade i på ein varm sommardag.

Flykt til hjertet av naturen

Bo hos oss på Holmevik Camping – der fjellene møter innsjøen.
Kontakt oss